Rådgjevar
Konkurransetilsynet søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar til økonomiseksjonen.
Har du erfaring med offentlege anskaffingar og interesse for økonomi? Blir du motivert av eit viktig samfunnsoppdrag, faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!
Om stillinga
Som rådgjevar hos oss får du ei sentral rolle i å utvikle og forbetre økonomi- og anskaffingsfunksjonen i Konkurransetilsynet. Du vil bidra til effektiv bruk av offentlege midlar og sikre at innkjøp skjer i tråd med lover, reglar og beste praksis. Stillinga gir høve til å påverke berekraftige og etiske innkjøp, og du vil vere ein viktig rådgjevar for leiinga.
Du blir ein del av økonomiseksjonen, som er organisert under administrasjons- og organisasjonsdirektøren.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
Dette kan vi tilby deg
Våre moderne og universelt utformede lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi vil at alle tilsette skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, og hjå oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheiter for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og treningsrom med flotte garderobefasilitetar er og på plass. Vi tilbyr pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag med ulike aktivitetar som fotball, løp, yoga, buldring, med meir.
Stillinga lønnast ut frå kvalifikasjon og i samsvar med det statlege lønnsregulativ som rådgjevar/seniorrådgjevar (st. kode 1434/1364) i lønnsspennet kr. 650 000 – 850 000. Høgare lønn kan vurderast for spesielt kvalifiserte søkarar.
Dersom ein søkar ynskjer å reservera seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan gjerast offentleg sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. offentleglova § 25.
Vi er oppteken av mangfald
I Konkurransetilsynet er vi opptatt av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser på mangfald som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss tilsette med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkar portalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkarar kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensinga til noko anna enn anonymisert statistikk.
Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga?
Ta kontakt med administrasjons- og organisasjonsdirektør Stig Hauge Bendiksen på e-post stbe@kt.no eller telefon +411 44 469.
For meir informasjon om Konkurransetilsynet sjå vår nettside www.konkurransetilsynet.no.
Søknadsfrist: 3. november 2025
2025/4
Fast
Heltid
Dag
03.11.2025
Bergen
Stig Hauge Bendiksen
mob: 411 44 469
Zander Kaaes gate 7 5015 Bergen