Om stillinga
Konkurransetilsynet har som hovudoppgåve å fremje konkurranse til det beste for forbrukaren, mellom anna ved å handheve konkurranselova og ved å vere ein pådrivar for konkurranse.
Gjennom dette arbeidet er tilsynet sine tilsette i dagleg kontakt med sentrale aktørar innan norsk næringsliv. Tilsynet sine tilsette arbeider saman med andre europeiske land sine
konkurransestyresmakter, EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) og Europakommisjonen, og deltek dessutan i internasjonalt samarbeid innan relevante fagområde.
Frå 1. mai 2026 overtar Konkurransetilsynet ansvaret for handheving av lova om god handelsskikk. Det er vedteke at arbeidet med lova skal etablerast under avdeling for mat, handel og helse (MHH). Konkurransetilsynet ønskjer å oppnå ei meir effektiv og målretta handheving av lova.
Vi søkjer etter dyktige og samfunnsengasjerte juristar som ynskjer å inngå i eit sterkt fagmiljø der vi saman bidreg til effektiv handheving av konkurranselova og lov om god handelsskikk. Hos oss vil du oppleve ein variert arbeidskvardag med fagleg fordjuping og påfyll. I Konkurransetilsynet får du mellom anna ein unik moglegheit til å arbeide med dei største oppkjøpa i det norske næringslivet, og etterforsking av marknadsaktørar sine moglege brot på konkurranselova. Heimel til å ilegga alvorlege administrative sanksjonar stiller strenge krav til saksbehandling og prosess, og krev at du som jurist set deg grundig inn i aktuelle rettsreglar både innan forvaltnings- og konkurranserett. I tillegg vil du gjennom arbeidet få særskilt kompetanse om korleis viktige norske marknader fungerer.
Juristar i Konkurransetilsynet får raskt sjølvstendig ansvar for interessante arbeidsoppgåver, og arbeider som regel i tett samarbeid med økonomar, etterforskarar og tilsette med særskilt digital kompetanse. For særleg kvalifiserte kandidatar kan det tidleg verte aktuelt med prosjektleiaransvar.
Arbeidskvardagen i Konkurransetilsynet er prega av ulike former for utovervend verksemd. Gjennom arbeidsoppgåvene vil du vere i hyppig kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv, andre offentlege instansar, internasjonale organisasjonar og andre fagmiljø innan juss og økonomi.
Du vil arbeide i ein av Konkurransetilsynet sine marknadsavdelingar, og rapportere til avdelingsdirektør i den aktuelle avdelinga. Marknadsavdelingane er Finans og kommunikasjon, Bygg, industri og energi og Mat, handel og helse.
Dine mest sentrale arbeidsoppgåver i stillinga vil vere
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn
Vi legg vekt på at du har
Vi søkjer særleg deg som er nyutdanna og deg med nokre års relevant erfaring. Du som blir uteksaminert hausten 2026 er også velkommen til å søkje.
Vi kan tilby deg
Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Vi legg vekt på gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i arbeidet vårt. Våre tilsette deltar aktivt på interne og eksterne kurs og konferansar. Vi har også gode ordningar for dei som ynskjer vidareutdanning ved å ta relevante fag ved universitet og høgskular.
Våre moderne og universelt utforma lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi er opptatt av ein god balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og flotte garderobefasilitetar er også på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag.
Stillingane blir lønna ut frå kvalifikasjonar og iht. til det statlege lønnsregulativ som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (st. kode 1408/1434/1364) i lønnsspennet kr. 600 000 – 900 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Dersom ein søkjar ynskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden.
Les dette før du søkjer
Vi i Konkurransetilsynet er opptekne av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald betraktar vi som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga?
Ta kontakt med avdelingsdirektør Beate Berrefjord, bmbe@kt.no, 412 59 620 eller seniorrådgjevar Linn Roti, lknr@kt.no, 934 11 610.
Søknadsfrist: 10. mai 2026
2026/3
Fast
Heltid
Dag
10.05.2026
Bergen
Zander Kaaes gate 7 5015 Bergen